Eit historisk samlingspunkt
Sidan stiftinga i 1977 og spesielt etter opninga av vårt eige hus, Os Eldresenter i 1985, har Os Pensjonistforening vore eit pulserande og sentralt hjarte i lokalsamfunnet. Vår misjon er å forebygge einsemd blant eldre ved å samle pensjonistar for å fremja felles sosiale, kulturelle og samfunnsmessige interesser.
Fellesskap & Vennskap
Vi byggjer varige vennskap og skaper eit trygt miljø der alle føler seg velkommen. Gjennom vårt dagsenter møtes medlemmane til sosialt samvær og inspirerande aktivitetar.
Datahjelp
Dataopplæring 1 til 1 kvar torsdag på dei to biblioteka, Tilbodet er gratis og ope for alle seniorar.
Eit Inkluderande Miljø
Vi er opptekne av å skape eit ope og inkluderande miljø der alle kan kjenne seg heime, delta med sitt og bidra til eit inkluderande fellesskap.
Våre Aktivitetar
Trim & Bevegelse
Kaféen open kvar måndag, onsdag og fredag from kl. 10 -14 (med subsidierte prisar). Måndagstrim m/ Reidunn kl. 10:30. Fredagstrim m/ Christoffer kl. 10:30. Seniordansen kvar onsdag.
Digital Mestring
Generasjonstreff i samarbeide med HO-lina ved Os Yrkesskule. Informasjon og kunnskapsdeling. Aktiviterar og sosialt samvære med yrkesskuleelevane. Mat og drikke - Datahjelp.
Turar og Utflukter
Opplev naturen saman.
Spel & Hygge
Ein fredag i månaden. Sosialt samvær, varm mat, kaffi og kaker, dans til levande musikk og Bingo annankvar måndag.
Utleige av Lokale
Flotte og rimelege lokaler som er perfekte for dåp, konfirmasjon, jubileum, kurs, selskap og andre samankomstar. Vi har òg møterom i 3. etg, fullt utstyrt med wifi, skjerm og skrivar.
Kvardagar (07:00 - 23:00)
Sal og salong UTAN kjøkken: kr. 1000,- (3t), deretter kr. 250,-/time.
Pris frå 1. jan 2026: kr. 1500,- (3t).
Sal og salong MED kjøkken: kr. 2000,- (3t), deretter kr. 500,-/time.
Pris frå 1. jan 2026: kr. 2500,- (3t).
Helg (per døgn 09:00 - 09:00)
Sal, salong og kjøkken: kr. 4000,- per døgn.
Pris frå 1. jan 2026: kr. 5000,-.
Tillegg for tilrigging kvelden før: kr. 600,-.
📅 Faste arrangement fram til jul 2025
Seniorkafe
Open kvar mandag, onsdag og fredag from kl. 10.00 til 14.00.
MANDAGSTRIM
kvar mandag frå kl. 10:30 til 11:00
FREDAGSTRIM
kvar fredag frå kl 10:30 til 11:00
BINGO
annankvar mandag frå kl. 11:30
18.august, 1., 15. og 29.september, 13. og 27.oktober, 17.november, 1. og 15.desember
Ver med i fellesskapet
Meir enn berre ein møteplass
Os Pensjonistforening driv aktivt arbeid for å førebygge einsemd blant eldre i Os. Vi ønskjer å samle pensjonistar i Osbygda for å verne om og arbeide for felles sosiale, kulturelle og samfunnsmessige interesser. Vi freistar etter beste evne å driva eit allsidig velferdstilbod til nytte og glede for medlemene.
Bli medlem i dag!
Kun 390,- per år
Faktura for medlemskontingent vert sendt på e-post.
Hald deg oppdatert
Meld deg på vårt nyheitsbrev for å få siste nytt om arrangement og aktivitetar direkte i innboksen din.
